Ladda ner PDF
Tillbaka till listan med berättelser

Ein gammal mann som kjærast

Skriven av Aranya

Illustrerad av Sunniva Høiby-Øiset

Översatt av Espen Stranger-Johannessen

Uppläst av Eline Bjørke

Språk nynorska

Nivå Nivå 5

Läs hela berättelsen

Reading speed

Automatisk avspälning


Eg trudde norske menn var dei beste mennene i verda, men det stemmer ikkje! Før eg møtte han som skulle bli ektemannen min, jobba eg på ein fabrikk i Bangkok, medan han budde i Pattaya. Vi vart kjente gjennom Internett og vart etter kvart saman.


Etter ei stund bestemte vi oss for å gifte oss. Eg kom frå ein fattig familie, så det å ha ein utanlandsk ektemann som kunne forsørge familien min, var ein del av grunnen til at eg gifta meg med han.


Vi flytta til Noreg, og eg byrja å gå på skule for å lære norsk. Det var vanskelege tider. Eg hadde ikkje førarkort, og mannen min var nøydd til å køyre meg til skulen, vente på meg og køyre meg tilbake. Det tok éin time kvar veg. Etter ei stund flytta vi nærare, men likevel insisterte han på å køyre meg til skulen. Han ville ikkje at eg skulle gå åleine.


Eg har nesten ikkje hatt pengar sidan eg kom til Noreg. Éin gong gav han meg pengar til lunsj, men sidan eg hadde så lite pengar, behaldt eg dei. Vennene mine på skulen vil hjelpe meg med å skaffe meg ein jobb, men mannen min seier at eg ikkje kan det. Han synest ikkje jobben som reinhaldar passar for meg.


I staden hadde han ein annan jobb for meg – å bygge ein garasje. Han var sjefen og eg gjorde alt. Han kunne ikkje gjere så mykje fordi han var sjuk. Han gav meg ingen av pengane han tente frå å bygge garasjen.


Ein dag sa han til meg at han kjeda seg når han var åleine heime, så han bestemte seg for at vi skulle skaffe oss ein hund. Eg ville ikkje ha ein hund sidan eg var sliten etter skulen og hadde lekser. Han sa at han skulle gå tur med hunden kvar dag, men til slutt måtte eg passe både hunden og den gamle mannen min.


Eg veit ikkje kva framtida vil bringe. Planen min er å byrje på ein annan skule, men mannen min vil ikkje at eg skal gjere det. Han planlegg å flytte lengre vekk for å gjere det vanskeleg for meg. Eg vil gjere motstand, men eg veit ikkje korleis. Det er ikkje så lett å bu i utlandet med ein gammal mann slik eg ein gong såg for meg.


Skriven av: Aranya
Illustrerad av: Sunniva Høiby-Øiset
Översatt av: Espen Stranger-Johannessen
Uppläst av: Eline Bjørke
Språk: nynorska
Nivå: Nivå 5
Creative Commons Licens
Detta verk är licensierat under en Creative Commons Erkännande 4.0 Internationell Licens.
Valmöjligheter
Tillbaka till listan med berättelser Ladda ner PDF