Ladda ner PDF
Tillbaka till listan med berättelser

Agostinos historie

Skriven av LIDA Italia

Illustrerad av Billie Cejka Risnes

Översatt av Espen Stranger-Johannessen

Uppläst av Eline Bjørke

Språk nynorska

Nivå Nivå 5

Läs hela berättelsen

Reading speed

Automatisk avspälning


Eg heiter Agostino og eg er 51 år. Jobben min er å levere mat på sykkel. Eg har to døtrer, men vi snakkar nesten ikkje saman. Mora deira og eg bur ikkje lenger saman fordi vi er skilde.


Eg bur med mora mi sidan eg ikkje kan betale husleiga etter skilsmissa. Husleiga er veldig dyr i denne byen.


For nokre månader sidan jobba eg som vaktmeister for eit firma. Eg reparerte ting som var øydelagt, bar esker og hjelpte til når nokon trong det. Ein dag fekk eg sparken frå firmaet. Eg skjønte ikkje kvifor.


Eg såg mange personar som leverte mat på sykkel. Eg kan òg sykle, så eg banka på døra til eit stort bodfirma. Dei tilbydde meg tre euro for kvar levering. Eg tener 40€ om dagen, 60€ viss eg er veldig heldig og kundane gir meg tips.


Eg får ingen betalt ferie, ingen sjukepengar, nesten ingen rettar i det heile. Eg trur ikkje det skal vere sånn, men eg treng ein jobb. Dei fleste andre tilsette er innvandrarar som kjem frå heile verda.


Mange sykkelbod blir skadde i ulykker dagleg. Så, då eit 25 år gammalt sykkelbod vart påkøyrd av ein bil og døydde, byrja myndigheitene å legge merke til oss. Det er synd at nokon måtte døy for at det skulle skje.


Saman med sykkelbod frå andre firma tok eg eit kurs om rettane til arbeidstakarar hjå ei lokal fagforeining. Dei tilbydde oss gratis juridisk rådgiving. Vi kjempa for å få meir anerkjenning og rettar.


Etter ei lang stund fekk det harde arbeidet vårt resultat. Eit stort bodfirma måtte betale ei stor bot og tilsette arbeidarar i faste stillingar. Det var første gong det skjedde nokon stad i verda. Det ser ut til at ting byrjar å bli betre.


Skriven av: LIDA Italia
Illustrerad av: Billie Cejka Risnes
Översatt av: Espen Stranger-Johannessen
Uppläst av: Eline Bjørke
Språk: nynorska
Nivå: Nivå 5
Creative Commons Licens
Detta verk är licensierat under en Creative Commons Erkännande 4.0 Internationell Licens.
Valmöjligheter
Tillbaka till listan med berättelser Ladda ner PDF