Dei to brørne mine og eg kom til Noreg i desember 2016. Vi hadde på oss sommarklede fordi vi trudde det ville vere like varmt i Noreg som i Somalia. Men då vi kom til flyplassen, snødde det. Vi fraus og vêret var kaldt. Sjølv om vi hadde med oss nokre koffertar, inneheldt dei berre sommarklede.
Sjølv om det var kaldt, var eg veldig glad då vi kom til Noreg. Eg kunne endeleg møte mamma att, som eg ikkje hadde sett på seks år. Mamma og to av venninnene hennar møtte oss. Då vi møtte mamma att, gret vi av glede. Mamma bur i ein liten by, så vi køyrde dit.
Dei første dagane i byen til mamma var veldig merkelege. Det var kaldt, det snødde og det var lite å sjå. Gatene var heilt folketomme. Dei få personane eg møtte, verka kalde og uvennlege. I Somalia er det folk overalt, så alt kjendest uvant her. Mammaa mi og venninnene hennar gav oss gåver, og ho tok oss med for å kjøpe vinterklede.
Etter juleferien byrja eg på norskkurs på vaksenopplæringssenteret. Eg gjekk der i to år før eg byrja på ein vanleg skule. No går eg siste året, og eg har fått mange nye venner. Eg er veldig sosial og eg er glad i å møte andre.
Etter skulen drar eg til Frivilligsentralen for å få hjelp med leksene. Eg har òg byrja på eit sykurs der.
I Somalia fekk eg aldri moglegheit til å gå på skule eller ta eit kurs, bortsett frå koranskule. Eg kunne ikkje lese eller skrive. No har eg lært å skrive på både somali og norsk, og mange andre fag. Utan utdanning følte eg at eg ikkje var nokon. No føler eg meg kunnskapsrik og glad.
Neste år skal eg byrje på helse- og oppvekstfag på vidaregåande skule. I framtida vil eg bli barne- og ungdomsarbeidar. Når eg er ferdig med utdanninga mi, drøymer eg om å få meg ein fast jobb. Eg vil òg lære å køyre bil og ta førarkort.
Viss eg framleis hadde budd i Somalia, hadde eg kanskje vore mor no. Kanskje eg hadde fått mange barn allereie. Viss eg hadde vore i Somalia, ville eg ikkje hatt dei same moglegheitene som eg har fått no. Eg føler meg heldig som bur i Noreg.