Ladda ner PDF
Tillbaka till listan med berättelser

Å skilje seg ut for rett sak

Skriven av LIDA Portugal

Illustrerad av Sunniva Høiby-Øiset

Översatt av Espen Stranger-Johannessen

Uppläst av Eline Bjørke

Språk nynorska

Nivå Nivå 4

Läs hela berättelsen

Reading speed

Automatisk avspälning


Edson vart fødd i Angola, rett etter at landet vart sjølvstendig. Han var ein veldig høg gut. På grunn av høgda hans skilde han seg ut. Folk som gav våpen til barn for å kjempe som soldatar i borgarkrigen, ville ha barn som han.


Mora hans var redd ho skulle miste han, så ho bestemte seg for å sende han til Portugal for å bu med ei tante. Ho trudde at han ville vere trygg der.


Det var veldig vanskeleg i byrjinga sidan Edson sakna det varme vêret, den tradisjonelle maten, og mest av alt klemmane og kyssa frå mora.


Han snakka ikkje portugisisk så godt, og det var veldig vanskeleg å følgje med i timane og samtalane til klassekameratane. Han lurte på om det eigentleg var ein god idé å komme til Portugal.


Ein dag la ein lærar merke til kor god han var i basketball. Han byrja på eit basketballag og gjorde det veldig bra. Han vart populær på skulen og fekk mange venner. Han vart òg meir sjølvsikker.


No som han er vaksen, trener Edson flyktningbarn og andre som står i fare for å bli utestengt frå samfunnet. Ein gong hadde høgda hans gjort at han var i fare for å bli barnesoldat. No har høgda hans vorte ei styrke for å hjelpe andre til å kjenne seg trygge.


Skriven av: LIDA Portugal
Illustrerad av: Sunniva Høiby-Øiset
Översatt av: Espen Stranger-Johannessen
Uppläst av: Eline Bjørke
Språk: nynorska
Nivå: Nivå 4
Creative Commons Licens
Detta verk är licensierat under en Creative Commons Erkännande 4.0 Internationell Licens.
Läs fler berättelser på nivå 4:
Valmöjligheter
Tillbaka till listan med berättelser Ladda ner PDF