Alisha treng å finne ein jobb fordi familien hennar treng pengar til mat og klede.
Alisha jobba ikkje i heimlandet, men ho er flink til å lage mat og liker å snakke med folk.
Kanskje ho kan jobbe på restaurant? Alisha søker på Internett etter stillingsannonsar.
Ho finn ein stillingsannonse som kokk. Det er ein som lagar mat i ein restaurant.
Ho drar til jobbintervjuet. Restaurantsjefen seier til henne at dei treng nokon som er utdanna kokk.
Alisha er skuffa, men ho tar eit kurs som heiter «Mat og reiseliv». Ho håper det kjem til å hjelpe henne med å få jobb på ein restaurant.
Alisha må jobbe på ein restaurant som ein del av utdanninga. Ho får ikkje lønn, men ho får arbeidserfaring.
Ho legg til informasjon om kurset på CV-en sin. Ein CV er ei skildring av alt arbeidet ho har gjort og alle kursa ho har tatt.
Neste gong Alisha skal på jobbintervju på ein restaurant, blir ho tilbode jobben. Det er hardt arbeid. Ho må ofte jobbe om kvelden, når barna hennar er heime frå skulen.
Ho er stolt av at ho har fått ein jobb så ho kan kjøpe mat og klede til familien sin for sine eigne pengar.